Noreg er i ferd med å miste leiartrøya i internasjonale skattespørsmål

Foto: Roman Wimmers. Unsplash.

Noreg er i ferd med å miste leiartrøya i internasjonale skattespørsmål

Eit resolusjonsutkast i FNs generalforsamling foreslår å starte forhandlingar fram mot ein skattekonvensjon i FN. Noreg har enno ikkje vist støtte til forslaget, trass ambisjonar om å vere leiande innan internasjonale skattespørsmål.

Resolusjonen, som vart lagt fram i FNs generalforsamling sin andre komité av Nigeria på vegne av Afrika-gruppa, er ei oppfølging av den historiske resolusjonen FNs medlemsland einstemmig vedtok i fjor, der dei bestemte at ein skal starte samtalar for å gjere det internasjonale skattesystemet meir effektivt og inkluderande, med moglegheit for å framforhandle eit rammeverk eller instrument.

Sjølv om dette ikkje høyrast stort ut på klingande nynorsk, betyr det mykje for framgangen innan internasjonalt skattesamarbeid på FN-språk.

I årets resolusjon foreslår Afrikagruppa å sette ned ei mellomstatleg gruppe som skal legge grunnlaget for å starte forhandlingane. I utkastet som ligg på bordet no, skal gruppa levere dette allereie i juni 2025. Noreg er blant landa som sit på gjerde, og har endå ikkje gitt si støtte til å starte forhandlingar om skattekonvensjon i FN.

- Dette er ei ambisiøs oppfølging av fjorårets resolusjon som viser at afrikanske leiarar gir full gass i arbeidet for å nedkjempe internasjonal skattetriksing. Dette er svært viktig for å skaffe finansiering til arbeidet med berekraftsmåla og det er viktig for å skape tillit mellom land. Eit rettferdig skattesystem er ein viktig byggestein i eit tillitssamfunn, både nasjonalt og internasjonalt. No bør Noreg kjenne si besøkstid og støtte arbeidet for ein skattekonvensjon i FN, seier seniorrådgjevar Sondre Nave.

I Hurdalsplattformen står det både at Noreg skal vere leiande innan internasjonale skattespørsmål og at dei skal jobbe for ein internasjonal konvensjon på openheit. Under FNs generalforsamling har Noreg i sine innlegg derimot via meir merksemd til det pågåande arbeidet i OECD enn til forhandlingane som skal starte i FN.

- Regjeringa ønsker at Noreg skal vere leiande i internasjonale skattesaker, men no spring verda frå oss. Tidene har endra seg, og det krev meir å ha ein leiande posisjon i internasjonale skattespørsmål no enn tidlegare. Vi håpar at Noreg får opp farten og tek igjen heatet i løpet av hausten, seier Nave.

Ifølge Tax Justice Network vil verda tape 4,8 milliarder USD det neste tiåret til skatteparadis viss ein ikkje får på plass ein skattekonvensjon. FNs generalsekretær skriv at store reformer i den internasjonale finansarkitekturen er naudsynt for å nedkjempe fattigdom i Financing for Sustainable Development Report 2023. I ein rapport publisert i sommar, peika også generalsekretæren på tre alternativ vegar for å gjere det internasjonale skattesystemet meir rettferdig og inkluderande. To av alternativa er ein variant av skattekonvensjon i FN.

I løpet av hausten skal FNs medlemsland forhandle om korleis ein skal tette hola i det internasjonale skattesystemet. Det er forventa at resolusjonen som bestemmer den vidare prosessen vert ferdigforhandla innan slutten av november. Les ForUM sine innspel til forhandlingane her.


For mer informasjon kontakt: