Skatteparadis og utvikling

Skatteparadis er ei av hovudårsakene til den enorme kapitalflukta frå Sør til Nord. Utredninga ”Skatteparadis og utvikling” gir konkrete råd til den norske regjeringa sitt arbeid mot skatteparadis.

I 2006 gjekk mellom 641 og 979 milliarder dollar i illegale pengestraumar ut frå utviklingslanda. Denne summen er  større en dei legale brutto kapitalstraumane inn til utviklingslanda,  og ti gonger så stor som gåvebistanden til utviklingslanda. Tax Justice Network anslår at dei rikaste i verda skjuler eit beløp tilsvarande USA sitt BNP i skatteparadis, noko som i 2004 låg på omkring 11-12 000 milliarder dollar. Av dette utgjorde 2200-2400 milliarder dollar pengar frå rike i utviklingsland.                           

Dette er ein klar peikepinn på at kapitalflukt frå land i sør representerer eit alvorlig hinder for utvikling.    

I juni 2008 oppnemnde regjeringa eit offentleg utval som skulle sjå på skatteparadis og kva konsekvensar dei har for utviklingsland. Dei skulle anslå omfanget av kapitalstraumar til skatteparadis, identifisere skadeverknadane skatteparadisa har i utviklingsland, kome med forslag som reduserar skadeverknadane og kome med tilrådingar om staten sine investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund). Å sjå på investeringane til Statens Pensjonsfond - Utland var ikkje ein del av utvalets mandat.

I juni 2009 låg det ein einstemmig rapport klar frå utvalet som var leia av Guttorm Schjeldrup, professor ved Norges Handelshøgskole.

Utvalet konstaterte at problema knytt til skatteparadis primært er ein kombinasjonen av 1) sekretesselovgivinga, som inneber ingen informasjonsutveksling og ingen offentlege register slik at eigarane sin identitet, selskapa sin reelle aktivitet, transaksjonar osv. kan vere skjult, og 2) det som vert kalla eit «ringfenced» skattesystem, det vil seie eit todelt skattesystem der ein del tilbyr utlendingar nullskattevilkår for kapital i tillegg til skattemessig tilhøyrsle for selskap som har si reelle drift og faktiske leiing i andre land. Forutsettinga for at utanlandske selskap får registrere seg er ofte at selskapet ikkje driv lokalt i skatteparadiset eller bruker lokal valuta.

Skatteparadis skadeleg for utviklingsland
Under framlegginga av utvalet sin rapport hos Norad 25. august sa Schjeldrup at «det å gi skattemessig tilhørighet til selskaper som har sin drift og sin faktiske ledelse i andre land betyr at skatteparadisene urettmessig stjeler andre lands skattebaser».

Meir spesifikt har kapitalfluktutvalet funne fram til og skildra sju skadeverknadsområder:

1. Djup inngripen i andre land sin sjølvråderett
2. Svekking av den internasjonale finansmarknaden sin verkemåte
3. Svekking av skattesystemet og ei auking av kostnadane ved skattelegging
4. Fører til ei mindre effektiv ressursallokering
5. Gjer det meir lønsamt med økonomisk kriminalitet
6. Privat sektor kan paradoksalt nok få lavare inntekt
7. Skadar institusjonell kvalitet og økonomisk vekst

Som tiltak mot desse skadeverknadane kjem utvalet med fleire moglege tiltak nasjonalt og internasjonalt.

Forslag til nasjonale tiltak
Utvalet meiner norske myndigheiter bør føre ein offensiv utanrikspolitikk på området ved å auke innsatsen for å styrke og betre skattesystema og antikorrupsjonsarbeidet i utviklingsland. Vidare må aktørane som legg til rette for aktivitetar i skatteparadis registrere sin aktivitet i eigne norske register, og eit internrettslig utval skal mellom anna lovfeste ei slik registrering og regulere kva jurisdiksjonar aktiviteten kan omfatte.

Utvalet ønskjer og eit meir detaljert årsrekneskap for fleirnasjonale selskap, sterkare reglar mot internprising og oppretting av eit nasjonalt kompetansesenter som skal forske på og bistå norske myndigheiter i saker vedrørande temaet.

Forslag til internasjonale tiltak: Bilaterale skatteavtalar løyser ikkje problemet
Utvalet meiner ikkje at bilaterale skatteavtalar fjernar dei grunnleggjande skadelege verknadane som skatteparadisa forårsakar. Det hindrar ikkje «ringfence»-strukturane og det hindrar ikkje sekretessen som gjer det mogleg å ha skjule bankkontoar. 

Noreg bør difor ta nasjonale og internasjonale initiativ til nye reglar for 1) når ein juridisk einskap skal seiast å høyre heime i ein lukke jurisdiksjon og 2) fordeling av skatterett mellom land. I tillegg bør Noreg, i samarbeid med andre land, arbeide for ein internasjonal konvensjon som skal hindre at statar utviklar lukke strukturar.

Ny kurs for Norfund
Utvalet rådar Norfund til å opprette etiske retningslinjer for val av investeringsstad. Dette inneber at fondet sluttar å investere gjennom skatteparadis, men ikkje at dei trekker seg ut av dei paradisa dei allereie investerer i, då dei meiner dette vil gje store økonomiske tap og vil redusere tilfanget av norske bistandsmidlar.

Ut ifrå Norfund si eiga målsetting knytt til å bidra med verdiskaping og skatteinntekter i utviklingsland, meiner også utvalet at avkastning før skatt vere eit viktigare mål enn avkasting etter skatt. Norfund skal slik sett ikkje drive med skatteminimering.

Rapporten i sin heilskap og i kortare samandrag finn du her 

Høyringsfrist på NOU-en om skatteparadis og utvikling er 31.oktober. Meir informasjon om høyringa her.

Tala er henta frå kapitalfluktutvalets eigen rapport, men er basert på andre institusjonars estimat.