Vinnarkronikken: "Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu"

Vinnarkronikken: "Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu"

Akkurat no står klimakampen her heime i Arktis mot Wisting-feltet som vil verte det nordlegaste oljefeltet i verda, skriv Marius Moldsvor (17). Teksta fekk 1. plass i Forum for utvikling og miljø, Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse "Korleis kan vi nå berekraftsmåla innan 2030?".

Kronikken ble publisert på Framtida.no 31. oktober 2022.

Krig, energikrise og skyhøg inflasjon pregar overskriftene no om dagen. Det er forståeleg, men vi må ikkje gløyme den største krisa av dei alle, nemleg klimakrisa.

Akkurat no står klimakampen her heime i Arktis mot Wisting-feltet som vil verte det nordlegaste oljefeltet i verda! Feltet vil gå imot båe 1,5-gradersmålet og Noregs klimaforpliktingar.

Som nordlending merkar eg sjølv korleis klimaet endrar seg kjappare her heime. Vintrane vert kortare og været meir ustabilt. Situasjonen er alvorleg.

Det siste vi treng i det ekstra sårbare Arktis er enda eit oljefelt som skal pumpe ut fossile brennstoff heilt til 2058, åtte år etter at verda eigentleg skal vere klimanøytral. Feltet skal ligge tett oppi iskantsonen, der eventuelle oljesøl ville få fatale konsekvensar og ville vore vanskeleg å rydde opp i. Feltet skal også elektrifiserast, som dermed vil stele ca. 3 TWh straum som mykje heller kunne vore investert i ny grøn energi.

Dette er heilt feil bruk av energi, og båe miljøvernorganisasjonar og samiske organisasjonar går i mot dette feltet.

Det at våre politikarar går med opne auge inn i ei fossil framtid syner at dei ikkje har forstått alvoret i den globale og verdsomfattande klimakrisa. Wisting-feltet vil sleppe ut 200 millionar tonn CO₂ over si levetid, noko som svarar til alle norske utslepp i fire år.

Kjære Jonas Gahr Støre, kan du ikkje høyre på ditt eige ungdomsparti AUF, som er i mot denne utbygginga og vil fase ut utvinning av olje innan 2035? Dersom vi som klimafyrtårn skal ha eit fnugg av integritet i resten av verda, så må vi også kutte her heime og ta vår del av ansvaret. Vi lever i ein nasjon som har eit massivt overforbruk, så det er berre på sin plass at vi no tar meir ansvar internasjonalt. For dersom vi ikkje klarer å løyse denne krisa, vil konsekvensane vere fatale og verdsvide.

Klimakrisa er den største krisa verda møter i eit lengre perspektiv. Vi ser allereie no at krig, konflikt, energikrise, matkrise og råvaremangel er ord som pregar nyheitsbiletet, og dette kjem ikkje til å verte betre dersom vi også unngår klimaløysingar, klimasolidaritet og internasjonalt samarbeid. Min generasjon og dei som kjem etter oss er dei som vil merke dette mest på kroppen. Det at norske politikarar no nedprioriterer klimaet båe nasjonalt og internasjonalt er eit enormt svik mot dagens unge.

Dokker burde hugse Greta Thunberg sine ord: "Dokker seier dokker elskar borna dokkar over alt anna, og likevel stel dokker deira framtid rett framfor auga deira." Til alle andre unge menneske der ute, ikkje gje opp! Ta din rettmessige plass og kjemp for godheit, solidaritet og ein leveleg planet for oss som er framtida.

Gje oss unge håp sånn at vi kan stoppe klimaendringane og løyse berekraftsmål 13. Det er ikkje for seint å snu.


Les intervju med Marius Moldsvor


For mer informasjon kontakt:

Bilde av Hannah Sigriddatter Ander

Hannah Sigriddatter Ander

Senior kommunikasjonsrådgiver (i permisjon)
Kontaktperson for: presse, informasjon, sosiale medier, nettsider

Skrivekonkurranse: Korleis skal vi nå berekraftsmåla innan 2030?

Framtida.no, Magasinett og Forum for utvikling og miljø inviterte til skrivekonkurranse for unge om korleis vi kan nå berekraftsmåla.

Innan 2030 skal ekstrem fattigdom skal vere avskaffa, klimaendringane stansa, økosystema i havet og på land skal vere redda. Alle born skal ha gratis utdanning og ingen skal vere svoltne.

Korleis skal vi klare å nå FNs berekraftsmål innan 2030?

Vinnarbidraget fekk 3000 kroner og er publisert på Framtida.no og på ForUM sine nettsider.

Skrivekonkurranse er ein del av ForUM sin kampanje "Bækrekraftsuka 2022: Håp for 2030".