Marius (17) bytte til nynorsk for eitt år sidan – vann skrivekonkurranse

Marius Moldsvor (17) frå Senja vann skrivekonkurranse om korleis vi skal nå bærekraftsmåla innan 2030.

Marius (17) bytte til nynorsk for eitt år sidan – vann skrivekonkurranse

Marius Moldsvor (17) frå Senja utmerka seg med eit personleg engasjement mot det omdiskuterte Wisting-feltet.

Intervjuet ble laget av Framtida og publisert på Framtida.no 31. oktober 2022.

– Shit, eg vart kjempeoverraska. Det er mi første tekst nokosinne som har blitt publisert. Det er veldig artig å vinna første gong.

Det seier ein tydeleg glad skrivekonkurransevinnar på telefon til Framtida.no.

Marius Moldsvor (17) frå Senja nådde heilt til topps i Forum for utvikling og miljø, Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse "Korleis skal vi nå berekraftsmåla innan 2030?"

Bytte til nynorsk på vidaregåande

17-åringen frå Senja går andreklasse på vidaregåande på Kvitsund gymnas i Telemark og har hatt bokmål som hovudmål heile oppveksten.

– Eg er eigentleg frå Nord-Noreg og det er veldig få i Nord-Noreg som har nynorsk. I fjor bytte eg til nynorsk, difor var eg gira på å lese meir nynorsk. Eg fann Framtida.no og synest det er veldig gode saker de tek opp. Når denne skrivekonkurransen kom opp vart eg veldig gira på å skrive, fortel Moldsvor.

Målbytet skjedde før han flytte sørover for å byrja på Vg2 og var inspirert av mora, som gjorde det same då ho gjekk på vidaregåande. I tillegg har Moldsvor tenkt tanken at det kunne vore spanande å jobba som journalist i framtida, og at det difor kan vera lurt å meistra nynorsk.

God og tydeleg adressert appell

Marius Moldsvor vann med teksta "Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu". Her vender han seg direkte til statsminister Jonas Gahr Støre og ber han stanse planane om å byggja ut det omdiskuterte Wisting-feltet.

Juryen meinte at Marius Moldsvor har skrive ein god og tydeleg adressert appell, som vitnar om eit personleg engasjement.

Juryen skriv vidare at: «Teksta har god kjeldebruk og eit godt og tydeleg språk, som fremmar bodskapen. At skribenten løftar ei dagsaktuell sak og brukar eigne erfaringar for å underbyggja meiningane sine styrkar teksta.»

17-åringen fortel til Framtida.no at klimaengasjement vart vekt under klimastreikane som vart initiert av Greta Thunberg i 2018.

– Me var fem stykk som demonstrerte framfor rådhuset på Finnsnes og var veldig engasjerte i det som skjedde i verda. Eg melde meg inn i Natur og Ungdom i 2018 og har eigentleg hatt lyst å engasjera meg sidan då, men ikkje visst heilt korleis.

Engasjert nordlending

Moldsvor fortel at han har hatt ei kjensle av å vera litt oppgitt, men vart motivert då han fann skrivekonkurransen.

– Då kunne eg skriva ein tekst, fordi eg likar å skrive, og slik bidra til å setja fokus på det, seier 17-åringen.

Førre veke var det aksjonsveke mot Wisting-feltet, så teksta til Moldsvor kunne knapt vore meir aktuell. Som senjaværing har 17-åringen eit nært forhold til naturen som han vil verna.

– Som nordlending vert eg sint av at dei vil bore etter olje i Arktis, så langt nord og så nær iskantsona. Det gjer meg sint fordi eg har eit forhold til det heimanfrå, seier Moldsvor, som dreg parallellar til gruvedeponi i Repparfjorden i Finnmark.

– Eg blir sint over at kommersielle interesser får køyra over lokale folk, klimamåla og urfolksinteresser.

Lite, men sterkt, engasjement

Han viser til at klimaendringane skjer raskare i Arktis, noko han òg løftar i teksta som vann skrivekonkurransen.

17-åringen har eit nært og godt forhold til naturen og fjella på heimøya Senja, og viser til at det tidlegare har vore diskusjon om oljeutvinning i området. Han trur at klimakamp er litt meir trendy i byane, men på bygda kan det vere meir einsamt.

– Som sagt var me fem stykk som streika på Finnsnes når ein ikkje fekk fri for å streika. Det er veldig få, men me kjente at me bryr oss om det.