Utviklingsagendaen tilsidesatt i WTO

10th WTO Ministerial Conference, Nairobi, 17 December 2015. Foto: © WTO. Courtesy of Admedia Communication.

Utviklingsagendaen tilsidesatt i WTO

Det var knytt store håp om at ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) 15.-19. desember skulle levere på viktige krav utviklingslanda har krevd i 14 år. 

Ministermøtet vart holdt i Nairobi i Kenya, og var fyrste gong verdas handelsministrar var samla i Afrika. Men nok ei gong måtte verdas utviklingsland dra skuffa heim.

Møtet leverte på veldig få av dei ønska temaa, og framtida til utviklingsrunden heng no i ein tynn tråd. Eit døgn på overtid konkluderte Generaldirektør Azevedo med at møtet stadfesta WTO som den viktige multilaterale institusjonen. Multilateralismen var imidlertid fråverande. Dei fem stormaktene USA, EU, Brasil, Kina og India skreiv erklæringa bak lukka dører.

Leiar for møtet, og utanriksminister i Kenya, Amina Mohammed, opna møtet med å love openheit, inkludering og gjennomsiktigheit. Ministermøtet vart imidlertid ein demonstrasjon på det motsette. Dei fem stormaktene USA, EU, Brasil, Kina og India skreiv ministererklæringa og resten av dei 159 medlemslanda fekk 2 timar på å lese gjennom før erklæringa vart klubba gjennom. Enkelte medlemsland forsøkte å protestere, men vart ikkje høyrd.

Doha-runden

Sidan 2001 har WTO-medlemslanda forhandla med eit mandat som ofte blir kalla utviklingsrunden. Utviklingsland vart lova å få retta opp i at den førre forhandlingsrunden (Uruguay-runden) var ubalansert i rike land sin favør. Mange aspekt ved Doha-runden er kritikkverdige, men Doha-agendaen gir forrang til utviklingsland sine interesser framfor dei alternative handelspolitiske agendaane.

Difor var det utviklingsland, med land som verten Kenya, Uganda og India i spissen, som sterkt ønska ei stadfesting av at det er Doha-runden som står i sentrum for WTO sine handelsforhandlingar. USA, EU, Japan og Australia er mellom landa som veldig tydeleg har distansert seg frå Doha, og dei meiner sentrale framveksande økonomiar som Kina, Brasil og India er nøydd til å ta på seg større forpliktingar enn dei ligg an til å gjere under Doha-mandatet. Vidare ønskjer dei at WTO skal ta for seg spørsmål som investeringar og elektronisk handel, tema utviklingslanda ikkje har ynskt som del av det multilaterale handelsregelverket.

Spørsmålet om Doha-runden si framtid var det heilt sentrale i forhandlingane i Nairobi. Mange timar på overtid vart det klart at korkje ei vidareføring eller avslutting av Doha var mogleg å eines om, resultatet var at medlemma anerkjende konflikten i ministererklæringa. Dette betyr at Doha ikkje vart erklært «daud», men det blir spennande å sjå om dei landa sine ministerar som møtes i Davos på nyåret kjem til å prøve å lansere forhandlingar i dei kontroversielle «nye temaa».

Ministererklæringa

Utanriksminister Børge Brende var medfasalitator i forhandlingane om ministererklæringa (bortsett frå spørsmålet om Doha), som overordna var noko svak på å gjenta utviklingsprinsipp som tidlegare har vore viktige, samstundes som erklæringa la opp til auka oppsyn med bi- og regionale handelsforhandlingar som til dømes TTIP og TPP.

Utover ministererklæringa var det ei rekkje saker som var oppe til forhandling for å få konkrete, bindnade handelsregelverk ut av møtet. Her følgjer ei kort samanfatning:

Mattryggleik

Det låg tre sentrale forslag på bordet som har med mattryggleik å gjere på møtet.

1. Matvarelager – På ministermøtet i Bali for to år sidan vart India lova at ein skal framforhandle eit oppdatert regelverk som tillet utviklingsland å kjøpe opp mat frå småbønder til garantert pris for å distribuere til fattig befolking. India prøvde å lande eit vedtak i dette spørsmålet på møtet, men ingenting kom ut av desse forsøka.

2. Eksportstøtte – Ministermøtet sitt kanskje mest omfattande vedtak var forbodet mot eksportsubsidiar. Eksportstøtte har vore ein fanesak i kampen mot dumping av rike land sin mat på utviklingsland sine lokale marknad. Eksportstøtte utgjer imidlertid mykje meir enn eksport subsidier, og USA kan dermed fortsetje med sine omdiskuterte eksportkreditter. Forbodet mot eksport subsidier gjeld som hovudsak frå 2020 for eksisterande eksportstøtte i rike land.

3. Antidumpingmekansime (Special Safeguard Mechanism – SSM) – Som skreve foregår dumping av matvarar på mange einskilde vis, og difor har utviklingsland krevd ein såkalla antidumpingsmekanisme. Det eksisterar ein slik mekanisme for ei rekkje rike land, kor dei kan setje opp tollen på midlertidig basis om det skjer store prisfall på import av mat, eller store aukingar i volumet på importen. Det var spørsmålet om ein effektiv SSM som velta WTO-forhandlingane i 2008, og heller ikkje i år fekk ein til semje i Nairobi.

Bomull

Gjennom ei årrekkje har fire bomullsproduserande land i Vest-Afrika kjempa for rettferd i den internasjonale bomullsmarknaden. Burkina Faso, Benin, Mali og Tsjad, eller Cotton-4, fekk gjennomslag for å få slutt på amerikansk eksportstøtte til bomull og fekk til tollreduksjon på bomull, men dei viktigaste amerikanske støtteordningane fekk dei ikkje gjort noko med.

Toll- og kvotefri marknadsadgang for dei minst utvikla landa (MUL)

Eitt av delmåla i dei nye berekraftsmåla til FN frå september handlar om å gi dei minst utvikla landa (MUL) fullstendig fri adgang og null toll på rike land sine marknadar, i tillegg til å gjere det enklare å registrere eit produkt som å vere tilverka i eit MUL-land. Norge er mellom landa som allereie praktiserar «null for MUL» i tillegg til å gi denne typen marknadstilgang til ei rekkje lågare middelinntektsland. Ein kom ikkje til semje om å innføre globalt «null for MUL», men endringar til meir fordelaktige reglar vart vedteken (Rules of Origin).

Spesiell og differensiert handsaming

Det er ikkje berre dei minst utvikla landa som ønskjer og treng særhandsaming, dette gjeld òg for andre utviklingsland. Difor hadde den store utviklingsgruppa G90 kome med ei lang rekkje forslag som har vore diskutert gjennom heile 2015. Til slutt var det ingen av desse forslaga som nådde fram.

Forbod mot fiskerisubsidier – spesielt dei som har med overfiske å gjere

Gruppa av afrikanske, karibiske og Stillehavs-land (ACP) stod gjennom møtet i bresjen for å omsetje eitt av FN sine berekraftsmål til handling. Det handlar om at ein skal fase ut alle fiskerisubsidier som kan bidra til overfiske, med noko fleksibilitet for utviklingsland. ACP sine forsøk på å få Nairobi-møtet til å forplikte seg til eit vedtak om saka ved neste ministermøte feila, trass støtte frå mellom anna Norge.

ITA – Informasjonsteknologiavtalen

Informasjonsteknologiavtalen er ei såkalla plurilateral avtale som vart utvida på ministermøtet. Avtalen forplikta land til låge tollsatsar for produkt som mikroprosessorar og ei lang rekkje andre produkt som høyrer med i informasjonsteknologisektoren. 10 % av verdshandelen skjer i desse varegruppene. Det var berre litt over 50 land som forplikta seg til å senke tollen (difor blir det kalt ein plurilateral – ikkje multilateral – avtale), men denne tollsenkinga har skjedd overfor produktet uansett kva land det kjem frå, med andre ord vil alle land kunne eksportere til dømes mikroprosessorar til USA til nulltoll, uavhengig av om dei sjølv er med i avtalen.

ForUM på ministermøtet

Representant frå ForUM i den norske delegasjonen var ForUM sin WTO koordinator Heidi Lundeberg.

Johan N. Hermstad frå Fellesrådet for Afrika og Vilbjørg Meier frå Changemaker var delfinansiert av ForUM for å ta del på møtet, medan Aksel Nærstad (Utviklingsfondet), Helene Bank (Handelskampanjen), Anniken Storbakk (Spire) og Kari Eriksen (Changemaker) alle var sjølvfinansierte representantar for ForUM-medlemmer til stades i Nairobi.

Les Changemakers blogg frå WTO her: https://klartvikan.wordpress.com/