Møt ForUM sin nye rådgjevar

Møt ForUM sin nye rådgjevar

Matlagingsentusiasten og nynorskbrukaren Sondre har ei fortid som minigrisbonde og er ForUM sin nye rådgjevar på berekraftsmåla. Bli betre kjend med det nyaste tilskotet til sekretariatet her.

Velkomen til oss, Sondre! Vi gler oss til å bli kjende med deg! Kan du fortelje oss litt om kven du er og kva du har gjort før du byrja i ForUM?

Eg er masterstudent og kjem frå Bryggja i Nordfjord. For nokre år sidan prøvde eg lukka ute i den store verda og enda opp med å ta ein bachelor i samfunnsgeografi. Etter det jobba eg på ambassaden i Buenos Aires, i LNU og i Kirkens Nødhjelp. Medan eg gjekk på bachelor var eg aktiv i Changemaker, så det var vel der eg starta på vegen eg er på no.

Kva ser du mest fram til å gjere i ForUM?

Akkurat no gler eg meg aller mest til å gå på kontoret. Eg har heldigvis fått møte alle som jobbar i ForUM, men eg vil jo gjerne møte alle i SDG-gruppa òg. Ut over det, så gler eg meg sjølvsagt til å redde verda saman med mange dyktige folk i sekretariatet og i medlemsorganisasjonane.

Kva gjer du helst når du tek fri frå arbeidet med å gjere verda rettferdig og berekraftig?

Vanlegvis er eg veldig glad i å kome meg ut på konsertar, teater og andre ting som no ikkje er mogleg. I vår oppdaga eg MasterChef Australia, og då vart eg veldig glad i å lage mat, noko som er veldig pandemivenleg, så det går mykje i det for tida. Så snart det blir litt varmare ute håpar eg at trening tek over litt av tida eg no brukar på matlaging.

Kva et du helst?

Sjømat og dessert.

Har du nokon funfacts på lur om deg sjølv?

Då eg var rundt ti år gamal hadde eg ei hønsebedrift som heitte Glade Høner. Det var eit 4H-prosjekt med strenge krav til budsjett og rekneskap, og etter å ha selt egg til folk i bygda i eitt år hadde eg eit overskot på rundt 4000 kr. For pengane kjøpte eg ein el-gitar og ein minigris som eg kalla James. Dei viste seg begge å vere ulønsame investeringar, så då gav eg opp karrieren innan business og satsa heller på ideell sektor.

Sondre Nave jobbar deltid i ForUM, med koordinering av SDG-arbeidet i samarbeid med dagleg leiar.


Relevante emner