Maktkampen fortset i WTO

Roberto Azevedo, Director-General, WTO Foto: WTO/Studio Casagrande, Flickr

Maktkampen fortset i WTO

Kampen mellom rike land og utviklingsland tilspissar seg etter at fristen for eit arbeidsprogram for avslutning av Doha gjekk ut.

Til tross for intensive møter utover våren og sommaren 2015 klarte ikkje medlemslanda i Verdas handelsorganisasjon (WTO) å kome opp med eit arbeidsprogram for sluttføring av Doha forhandlingane, slik dei vart einige om å gjere i fjor. Då det nest høgste organet i WTO møttest siste veka i juli, erklærte generaldirektør Azevedo at dei ikkje hadde kome i hamn med vegkartet, men han understreka at dette ikkje betyr at det ikkje vert avtaler vedtekne på årets ministermøte. "Når september kjem, så må medlemene vere klare for å snakke om substans, og ikkje prosess", sa Azevedo. 

Noko ny avtale kjem ikkje på plass utan at dei store landa er med. USA har vore fråverande frå fleire viktige WTO møter dette året, og synast å prioritere forhandlingane med EU (TTIP), Stillehavslan (TPP) og dei plurilaterale forhandlingane om handel med tenester. Wiki leaks lekkasjene som kom i sommar skapte stor skepsis til kva intensjonar USA har med årets ministermøte i Nairobi. Det spekulerast i at enkelte land har til hensikt å få Doha av vegen for så å presse gjennom nye tema som utviklingsland har kjempe imot tidlegare. 

Utviklingsland gjekk i utgangspunktet med på nye forhandlingar i WTO, fordi fokuset i Doha skulle vere å rette opp det urettvise regelverket og det koloniale handelsmønsteret mellom det Globale Sør og det Globale Nord - slik fekk også Doha forhandlingane tilnamnet Doha utviklingsrunde. Ministermøta i WTO har alltid vore ein hard maktkamp og det gjenstår å sjå kva interesser som vinn fram i år. Då afrikanske leiarar møttest i Kenya tidlegare i sommar vart det understreka at denne krigen har dei tenkt å vinne.